Regler for Balestrand Treningssenter

  1. Medlemsskapet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn medlemmet sjølv.
  2. Medlemmene forpliktar seg til å halde dei til einkvar tid gjeldande reglane.
  3. Brudd på reglane kan i verste fall føre til utvising.
  4. Kun adgang for medlemmar med gyldig nøkkelkort.
  5. Nøkkelkortet skal ikkje lånast ut til andre.
  6. Vær nøye med reinsligheit og kroppshygiene, det vil dei andre som trenar sette pris på.
  7. Kle deg funksjonelt, og ta hensyn til andre; bar overkropp, eller bare føtter er ikkje tilltatt i studioet.
  8. Bruk tørre, reine sko som ikkje set merker i golvet.
  9. Bruk alltid håndkle når du trenar på matter, eller styrke- og kondisjonsapparat. Dette gjeld og spinningsyklar.
  10. Tørk av apparata etter bruk. Papir og våtservietter finn du ved utgangen.
  11. Ikkje okkuper eit treningsapparat for lenge om gangen. La andre benytte apparatet når du har pause.
  12. Vekter/manualer skal ryddast på plass etter bruk.
  13. Tren aldri tunge benkpress, knebøy el.l åleine, eller utan sikring.
  14. Rydd opp etter deg; strikk, flasker etc
  15. Ingen barn har adgang til treningssenteret, heller ikkje når foreldra er med.
  16. Treningssenteret fråskriv seg eitkvart ansvar for skade på personar og gjenstandar som oppstår ved opphald på senteret. Dette gjeld og ansvaret for tap av kle, pengar og andre gjenstander som vert borte.
  17. All bruk av dop og rusmiddel er strengt forbode, og fører til umiddelbar utvising.