05.11.17
Det er sett opp treningstid for pensjonistar,
tysdagar kl. 11:00 – 12:00.
God trening!

29.10.17
Gratis trening?
Kjøp årskort no og få november- og desembertrening med på kjøpet.

Tilbodet gjeld berre årskort for 2018.

Image result for trening

 

 

14.09.17
Laurdag 23.september blir det open dag på treningssenteret!
kl. 12:00 – 16:00
Rettleiing
Tabata
Spinning
Konkurranse
Det blir enkel servering
Velkommen!

 

14.02.17
Vi stenger booking til spinning kl. 16.00 når den er klokka 19.00. Og klokka 17.00, når timen er 20.00.  Fredagar, booking stengt kl. 14.00.

Altså: booking stenger tre timar før timen tek til.
Står det 9 ledige blir timen avlyst.
Totalt er det 11 plassar.

 

04.01.17
Pensjonisttrening/trening for dei modne:)
Oppstart tysdag 10.januar kl.11.00.
Kom igjen!

1 ½ mnd gratis trening?

Kampanjetilbod i desember og januar, kjøp eit års medlemskap no og få 1 ½ mnd gratis om du slår til med ein gong.
-300,- på årskort vaksen = tilbod 3000,-
Inkludert fri trening resten av desember -16
-200,- på årskort student/honnør = tilbod 2000,-
Inkludert fri trening resten av desember -16
Tilbod også på halvårskort, fri trening resten av desember 2016. -200 på halvårskort vaksen = tilbod 1600,-
-100 på halvårskort student/honnør = tilbod 1200,-
Medlemsskap kan teiknast på heimesida www.balestrandtrening.no

Dei vanlege prisane er:

PRISAR :

Årskort vaksen                               3300 kr. / halvårskort 1800 kr. / mnd 350 kr.

Årskort student/honnør                  2200 kr. /   halvårskort 1300 kr. / mnd 250 kr. 

Kva med å gje gåvekort på treningssenteret som julegåve?
Kontaktinfo:   Tlf 93 28 13 68,   e-post: post@balestrandtrening.no

15.11.16
Endring i planer:
Pensjonisttreninga tek til etter nyttår.
Vel møtt då:)

02.11.16
Pensjonisttreninga tek til igjen:)
Tysdagar klokka 11.00 – 12.00, frå 15.nov.
Vel møtt!

31.08.16
Haustkampanje på senteret!Image result for høstÅrskort vaksen 3000,- vanleg pris 3300,-
Årskort student 1900,- vanleg pris 2200,-
Halvårskort vaksen 1650,- vanleg pris 1800,-
Halvårskort student 1150,- vanleg pris 1300,-

Berre å melde seg inn:) nye apparat er på plass, og spinning er på timeplanen!

11.08.16
Spinning startar opp i veke 33.
Merk at booking blir stengt ein time før.
Er det berre 2 påmelde blir timen avlyst.

05.01.16
Pensjonisttrening med rettleiing tysdag 12.januar kl.11.00!
Andre som kan trene på dagtid er også velkomne.

03.01.16
Godt nytt år!
No er det klart for å booke på timeplanen:)
Har fått forespørsel om pensjonisttrening på dagtid, dette skal vi sjekke om vi kan få til.
God trening i det nye året :)

26.12.15

Du har enno sjansen til å slå til på tilbod om årskort ?

3000kr for vaksen og 2000kr for student.

Vanleg pris er 3300kr og 2200kr.

05.09.15

Det blir sonetider for 35+ tysdagar og torsdagar frå 19:00-21:00.

Håpar alle respekterer dette, då senteret er for unge, vaksne og eldre.

Vi prøver det ut ein periode :-) Ta gjerne kontakt om de har synspunkt på dette.

22.08.15
Yoga tysdagar i september kl.18.00. Møt opp i Belahalli, 50kr pr.gang for medlem og 100kr pr.gang for ikkje medlem.
Betal kontant eller inn på konto.

Spinning er lagt ut for veke 35, tysdag og fredag :)

01.08.15
Minner om at det no er auke i pris på medlemskap, dette er første auke i pris sidan oppstart i 2013.
Prisane finn de under informasjon og medlemskap.

26.04.15
BEMANNING
Det er ikkje faste tider for bemanning no, ta kontakt på tlf. eller e-post om du ønskjer rettleiing.
YOGA
Du kan møte opp på Yogatimane og krysse deg av  og betale for dei timane du er med på.
100kr pr time for ikkjemedlem og 50kr pr time for medlem.

13.04.15
OPPSTART YOGA TYSDAG 14.APRIL KL: 17.15
Møt gjerne opp om du er usikker på om du skal, då kan vi slå av ein prat, betre å svare på spørsmål direkte.
VEL MØTT!

30.04.15
YOGA :-)
Då er det bestemt at det blir Yoga på tysdagar. Tilbodet er eit pakketilbod på 10 timar, 1000kr for ikkjemedlem og 500kr for medlem. Første tysdag er 14.april, då blir det kl.17.15 for å vere ferdig til idrettsskulen tek til 18.30. Dei neste tysdagane blr det 18.00 :-) kvar time er på 75 min. Gå inn på innmelding og meld deg på, du treng ikkje velge medlemskap for å sende e-posten. Skriv at det gjeld Yoga, og så betaler du inn beløpet på kontonr. som står der. Medlemsprisen forutset at du er medlem i den perioden det er Yoga, altså ut juni. Nathalie ser fram til gode Yogatimar saman med deg :-)

26.03.15
Melder om at det blir auke i  pris for medlemskap frå 01.08.15.
Senteret har no vore i drift utan prisauke i over to år, så difor kjem denne no.
Det som kjem inn går til faste utgifter og nødvendige investeringar, om det blir overskot går dette i hovudsak til innkjøp av nytt utstyr til glede for medlemmane.

24.03.15
YOGA
Vi er så heldige at ein yogainstruktør vil gjennomføre 8-10 yogatimar her i Balestrand no før sommaren.
Dette er eit tilbod til både til dei som er medlem og ikkje. Det blir litt større kostnad for dei som ikkje er medlem.
Høyres dette spennande ut?
Meld gjerne di interesse på mail eller på facebook.
Oppstart etter påske.

26.02.15
I veke 10 blir det bemanning på senteret måndag 12-.15-13.15 og fredag 12.00-13.00.
Det er ikkje roleg spinn på planen dei to neste vekene, då eg ikkje har høve tysdagane til oppsett tid.
Kan vere at det blir sett opp meir timar om ein ser at det blir for lite.

18.02.15

Heisann! Etter påske blir sirkeltreninga flytta ut. Vi tek treninga i området på og ved Kreklingen stadion. Det blir intervall og styrke, benemning i dag er nok for mange Boot Camp. Motiverande og kjekt å trene saman fleire, lettare å pushe seg litt ekstra! :-) Håpar mange vil vere med på dette :-)

Heisann! Etter påske blir sirkeltreninga flytta ut. Vi tek treninga i området på og ved Kreklingen stadion???? Det blir intervall og styrke, benemning i dag er nok for mange Boot Camp. Motiverande og kjekt å trene saman fleire, lettare å pushe seg litt ekstra???? Håpar mange vil vere med på dette????

18.02.15
Bemanninga på senteret vil no vere:
Tysdagar 11.45-13.45.
Torsdagar 12.00-13.00
og 14.00-15.00

 

Nytt år og helsa i fokus?

 Kampanjetilbod i desember og januar, kjøp eit års medlemskap og få januar gratis.

-300,- på årskort vaksen = 2700,-

-200,- på årskort student/honnør = 1800,-

-100,- på årskort skuleungdom (13-16) berre gruppetimar = 900,-

Kva med å gje gåvekort på treningssenteret som julegåve?

 Kontaktinfo:   Tlf  93 28 13 68,   e-post: post@balestrandtrening.no

16.12.14
Etter  nyttår blir det nybegynnar spinn på timeplanen.
Håpar vi ser nye spinnarar i januar:)

16.12.14
I morgon den 17.desember har Sygna reservert senteret til tentamen frå 10.30-11.30.
Denne timen er det ikkje ope for andre, håpar at de har forståing for det.

05.12.14
Tysdag 9.desember er vi i mål på «touren» Trondheim-Oslo. Premieutdeling etter endt etappe :-)
Siste sirkeltrening før jul er 10.desember. Hallen blir nytta til juletrefest den 17.desember.
Bli med på spinning med vår gjestespinnar Margrethe no før jul!

07.11.14
Sirkeltreninga er AVLYST 12.11 pga. folkemøte på Sagatun skule.
Vel møtt på sirkeltrening igjen den 19.11 :-)

06.11.14
Tysdag den 11. og den 18. november skal Sogn Brann og redning sitt mannskap i Balestrand gjennomføre nokre testar på treningssenteret. Dette skjer i tidsrommet 17:30 – 19:30. Det er ikkje stengt for andre, men det kan vere at møller og evt. anna utstyr er oppteke denne tida.

23.10.14
Nye timar er lagt ut på planen for dei neste to vekene, v.44 og v. 45.
God trening :-)

19.10.14
Medlemskapet er personleg, alle som skal inn må ha betalt for seg. Dette er basert på tillit. Sidan vi opplever at det er folk på senteret som ikkje har betalt for seg, så tek vi kontakt om vi ser deg på senteret og vi veit at du ikkje har betalt, det kan vere pinleg, men det er ditt val. Minner om at misbruk kan føre til utestenging. Ber gjerne om at de som er medlem tipsar om de veit om misbruk. På denne måten kan vi få til eit enda betre treningssenter :-)

13.10.14
Vil minne alle om at de må ha gyldig medlemsskap når de er på senteret og trenar. De må kome dykk inn ved hjelp av eige kort, då bortsett frå u.skuleelevar under 16 med stud.medl.skap, dei har ikkje eige kort men må trene med ein vaksen med gyldig medlemsskap. Vi kjem til å kontrollere dette, og det kan føre til utvising om de trenar utan medlemsskap. Du kan også bli utvist om du slepp inn andre utan medlemsskap. Dette står også i reglementet til senteret. Det er til eigen fordel at du betalar for deg også, det er då vi får midlar til nye investeringar. Organisert trening gjennom skule eller idrettslag fritek deg ikkje frå medlemsskap, det er kun i den organiserte tida du då har tilgang.

Takk for at du tenkjer på alle sitt beste og betalar for deg :-) 

09.10.14
Timar for spinn er lagt ut på timeplanen.
Måndag 13.oktober startar Tronheim-Oslo.
1. premie: koldtbord for 2 på Kvikne’s Hotell
2. premie: gåvekort sport 300,-/ein.mnd medl.skap
3. premie: gåvekort sport 200,-

09.10.14
I veke 42 blir ikkje senteret bemanna grunna at eg er oppteken i anna jobb.
Veke 43 er eg på plass tysdagen frå 12-14.

07.10.14
Då er det snart tid for spinn Trondheim-Oslo, start i veke 42.
Turen blir gjennomført ved å delta på organiserte spinningtimar.
Den som først har 17 timar er vinnaren. Det blir premiering :-)
Meir info kjem…følg med 😉