Når du melder deg inn via nettsida, vil du få svar på mail der du gjer avtale om henting av nøkkelkort.

Medlemskapet må vere betalt og registrert hjå oss før du kan hente nøkkelkortet. Det kan gå 1-2 arbeidsdagar før betalinga er registrert og 1-2 dagar etter det før nøkkelkortet er aktivert og klart til bruk. 

Dersom du skal fornye kortet melder du deg inn på same måte som ved nytt medlemskap, og skriv i kommentarfeltet at du har nøkkelkort. Det vil likevel ta like lang tid før betalinga er registrert og nøkkelkortet utvida, så ver ute i god tid slik at du unngår at du ikkje får tilgang til treningssenteret.