Medlemstypar

Nye prisar frå 01.08.15

  • .
  • Vaksne
  • Student/Honnør
  • Ungdom 13-15
  • Depositum: Kr. 75,- pr kort
  • Drop-In Time: Kr. 100,-
  • Månadskort
  • 350
  • 250
  • 150
  • .
  • .
  • Halvårskort
  • 1800
  • 1300
  • 600
  • .
  • .
  • Årskort
  • 3300
  • 2200
  • 1100
  • .
  • .

For bestilling av drop-in time, sjå informasjon om korleis du gjer det under innmelding og drop-in timar

 

Betingelsar for dei ulike korta:

Kortet er personleg og alle må ha sitt eige kort.
Det gjeld ikkje for 10.klasse elevar som ikkje har fylt 16, dei må trene saman med ein vaksen som har medlemskap om dei vil trene på styrkerommet.
Skoleungdom har ikkje eige kort då dei kun har adgang til gruppetimar.

Årskort:
-Gyldig 1 år frå kjøpsdato
-Ungdom under 16 år har kun adgang til gruppetimar, sjå elles spesielt for 10.klasse under «Skuleungdom». Ved avslutta 10.klasse blir du student og har full tilgang.

Halvårskort:
-Gyldig 1/2 år frå kjøpsdato
-Ungdom under 16 år har kun adgang til gruppetimar. Ved avslutta 10.klasse blir du student og har full tilgang.

Månadskort:
-Gyldig i ein kalendarmånad frå kjøpsdato.
-Hugs å betale inn for ny månad ca. 5 dagar før kortet går ut, på den måten kan du unngå at kortet blir stengt. Om du går innom her på heimesida og melder deg inn for ny månad så ser vi raskare at du ønskjer å halde fram, bankinnbetalingar blir ikkje sjekka kvar dag, men e-posten sjekkar vi ofte.
-Ungdom under 16 år har kun adgang til gruppetimar (Sjå elles under «skuleungdom»). Ved avslutta 10.klasse blir du student og har full tilgang.

Depositum:
Ved kjøp av kort må det betalast eit depositum på kr. 75,- Dette vert tilbakebetalt ved innlevering. Dersom du mister kortet vert ikkje depositum tilbakebetalt, og nytt depositum må betalast for nytt kort.

Student:
Frå fylte 16 år, eller etter avslutta 10. klasse, er du studentmedlem og får full tilgang på senteret.

Turnustilbod:
Dei som arbeider i slik turnus at dei bur annan stad/er vekke på arbeid deler av året, får tilbod på senteret til studentpris på halvårskort og årskort.

 

Skuleungdom:
Ungdomsmedlemskap gjeld ungdomsskuleelevar frå 13-15 år. Desse har kun adgang til gruppetimar, og får difor ikkje kort.
Dei som går i 10. klasse kan få tilgang til treningsapparata under føresetnad av at dei betalar studentmedlemskap og trenar saman med ein vaksen som har eige medlemskap, ungdommen får ikkje eige kort. Når eleven er 16 år kan vedkomande trene i styrkerommet utan vaksen og får då eige kort.