Om Balestrand Treningssenter

Balestrand Treningssenter er er eit senter for alle-både unge og eldre! Hit kan du komme uansett kva form du er i. Vi har eit tilbod til alle!

Balestrand Treningssenter tilbyr:

  • Spinningsal med 16 spinningsyklar. Syklane har kombipedalar slik at du kan bruke sykkelsko.
  • Organisert treningstilbod, i første omgang spinning. Følg med på timeplanen.
  • Treningsrom med mange ulike styrketreningsapparat og frivekter.
  • Tredemøller, romaskin og ellipsemaskin.
  • Dusj og garderobar i idrettshallen.

Velkommen til Balestrand Treningssenter!

Kven og kvifor

Balestrand Treningssenter AS vart stifta i november 2012 og åpna dørene i januar 2013. Mange krefter i bygda hadde ynskje om eit treningssenter for innbyggjarane, men for å få dette til var ein avhengig av at nokon hadde trua på at ein skulle klare det. Til slutt fekk ein til finansiering ved hjelp av tre aksjonærar og bygdefolket som stilte opp og ga pengegåver for å få det til. Dette er vi veldig takknemlige for!

Balestrand Treningssenter er eit aksjeselskap med desse aksjonærane:

  • Balestrand Idrettslag
  • Balestrand Kommune
  • Sæle Sag

Selskapet har som formål å etablere og drive treningssenter i Balestrand. Tilbodet skal bestå av tilgang til ulike treningsapparat for individuell styrke- og kondisjonstrening samt andre helsefremjande aktivitetar. Tilbodet skal vere breidt samansett og tilpassa ulike brukargrupper.

Med dette føremålet ynskjer ein at innbyggjarane skal kunne vedlikehalde si eiga helse og form i tillegg til at tilbodet kan nyttast til førebygging av skader og rehabilitering.